10. feb. 2010

Frå bokmål til nynorsk

Utdraget nedenfor er henta frå eit anna blogginnlegg om det moderne prosjektet.
Det moderne prosjektet er utviklinga samfunnet har gått i gjennom frå rundt
1600-talet og opplysningstida fram til vår tid. Utviklinga har skjedd over ein lang periode, og mange personar har vori med på å påverke endringane gjennom vitskap, litteratur og filosofi.
Briten Francis Bacon som levde på byrjinga av 1600-talet er å regne som grunnleggjaren av det moderne prosjektet, med påstanden; ”kunnskap er makt” som har vori bærebjelken i utviklinga. Fridommen og trua på eit fritt og sjølvstendig menneske, fornufta og trua på at fordommar, overtru og nokon ufornuftige meiningar kan bli avslørt og framsteg og trua på at historia og verden utviklar seg kjenneteiknar det moderne prosjektet. Det var ikkje før på 1700-talet endringane og Bacons tankar for alvor slo til. Etter revolusjonane blei det set krav om respekt og fridom for enkelt mennesket, og i romantikken blei det lagt vekt på særpreg til individet og sjølvrealisering.
Charles Darwin var ein mann som bidrog mykje til det moderne prosjektet, blant anna med boka ”Artenes opprinnelse”. Han var ein mann som møtte motstand i kyrkja, fordi teoriane til Darwin ikkje var i likskap med det som stod i bibelen. Under det moderne prosjektet fekk teoriane til Darwin og vitskapen etter kvart ein stadig større plass i samfunnet. Dette førte til nye yrke og fagområdar, og kristendommen hadde ikkje lenger einerett over kva som var rett og galt. Det var nytt at vi nå både kunne tru på Gud og vitskapen på same tid.

1 kommentar:

Ingunn sa...

Mykje bra nynorsk, Marte! Litt ujamn stilføring - eg tilrår å bruke "verte" saman med "vori, og så heiter det "fagomåde" i fleirtal og.