Etter vi hadde lest novella, satt eg igjen med ein klump i halsen. Det var uforståeleg at dei oppførte seg slik dei gjorde, og at ingen grep inn. Temaet i novella er rasisme og viser til eit enormt raseskille mellom kvite og svarte. Samfunnet som novella sin handling utspillar seg i, minnar om forholda i USA på 1950-tallet, kor det var det var stor rasediskriminering. Raseskiljet verker i
det store og hele som hovudtemaet gjennom novella Matt 18.20, men etter å ha lest den nest siste setninga, fekk teksten brått ein ny vending. Plutseleg blir Jesus blanda inn samen med all rasismen, kor Jesus har eit uventa utsjåande. Vendepunktet tilføyer eit nytt tema, om korleis folk ville reagert om Jesus hadde stått opp frå dei døde som neger, noko som kristne ikkje ventar seg at kan kome til å skje. Dei tar det som ein sjølvfølgje at Jesus er kvit. Vi vet ikkje sikkert om det skal forstille Jesus, men ut i frå verkemidlane Bringsværd brukar, som høy, radmager og naglane gjennom hendene, ser det ut som Guds son har stått opp igjen frå dei døde som mørkhuda. Eg likar novella fordi den satt eit støkk i meg, som fekk meg til å tenkje. Etter å ha lest teksten sitt eg igjen med eit dårlig inntrykk av medmenneska som behandlar andre likeverdege menneska så dårleg. Sjølv om svart og kvit er store kontrastar til kvarandre som fargar, betyr ikkje det at svarte og kvite menneska skal ha forskjellig verdi i samfunnet. Alle menneska er like mye verd uansett hudfarge, eller om de plutseleg visar seg å være Jesus.
