2. sep. 2009

Svart og kvit

Sist onsdag las vi novella Matt 18.20 av Tor Åge Bringsværd som han skreiv i 1967. Novellas handling forgår i ei kyrkje, kor dagens preika er henta frå Matt 18.20. Men denne gongen blir ikkje slik som det vanlegvis er. Midt under gudstenesta kom det ein høy, radmager neger inn i kyrkja. Han fekk lange blikk i håp om at han skulle gå ut igjen av kyrkja, og forstå at han hadde hamna feil sted. Men han flytta seg ikkje ein liten millimeter, han blei berre ståande og møtte kvart einaste blikk. ”Vil du se å komme deg ut, din svarte gærning!” og ”Sånne som deg skulle en binde etter bilen og trekke gjennom søla. Se og pell deg ut før eg drar til deg!” var kommentarar han fekk slengt etter seg, likevel var han roleg. Dei ville verkeleg ha han ut frå kyrkja, og minte han på skilte utanfor kor det stod at berre kvite hadde åtgang til kyrkja. Han berre stod der, kyrkjegjengarane fekk ingen respons, så det enda med at han fekk eit slag på tryne og blei slept ut av kyrkja og spytta på før politiet dukka opp. Seinare same kveld blei han dømt til døden og erklært skyldig i gudsbespottelse. Til slutt får vi høre at bøddelen som tok hans liv, synast at det var rart at han hadde eit dypt sår i kvar handflate, som så ut som om nokon hadde prøvd å slå naglar igjennom.

Etter vi hadde lest novella, satt eg igjen med ein klump i halsen. Det var uforståeleg at dei oppførte seg slik dei gjorde, og at ingen grep inn. Temaet i novella er rasisme og viser til eit enormt raseskille mellom kvite og svarte. Samfunnet som novella sin handling utspillar seg i, minnar om forholda i USA på 1950-tallet, kor det var det var stor rasediskriminering. Raseskiljet verker i
det store og hele som hovudtemaet gjennom novella Matt 18.20, men etter å ha lest den nest siste setninga, fekk teksten brått ein ny vending. Plutseleg blir Jesus blanda inn samen med all rasismen, kor Jesus har eit uventa utsjåande. Vendepunktet tilføyer eit nytt tema, om korleis folk ville reagert om Jesus hadde stått opp frå dei døde som neger, noko som kristne ikkje ventar seg at kan kome til å skje. Dei tar det som ein sjølvfølgje at Jesus er kvit. Vi vet ikkje sikkert om det skal forstille Jesus, men ut i frå verkemidlane Bringsværd brukar, som høy, radmager og naglane gjennom hendene, ser det ut som Guds son har stått opp igjen frå dei døde som mørkhuda.

Eg likar novella fordi den satt eit støkk i meg, som fekk meg til å tenkje. Etter å ha lest teksten sitt eg igjen med eit dårlig inntrykk av medmenneska som behandlar andre likeverdege menneska så dårleg. Sjølv om svart og kvit er store kontrastar til kvarandre som fargar, betyr ikkje det at svarte og kvite menneska skal ha forskjellig verdi i samfunnet. Alle menneska er like mye verd uansett hudfarge, eller om de plutseleg visar seg å være Jesus.

Ingen kommentarer: